Dei kan ikkje vera overmenneske
Sjukepleiarar og jordmødrer skal ikkje måtte vere overmenneske
DEBATT: Arbeidsmiljølova vart vedteken i 1977 for å sikre eit arbeidsmiljø som fremjar helse, tryggleik og verdigheit. Neste år fyller ho 50 år. Er det ikkje på tide at sjukepleiarar og jordmødrer også får eit helsefremjande arbeidsmiljø? Likevel blir det dagleg varsla om brot på nettopp desse prinsippa.
Sara Fugledal WiikLeiar i Jordmorforbundet NSF
Sigrid Elin UtneLeiar i Arbeidshelse NSF
Situasjonen på SUS har utvikla seg til noko heilt uhaldbart. I juni i år varsla vi om ein uforsvarleg arbeidssituasjon for jordmødrene.
I Stavanger Aftenblad skriv ei jordmor om ein arbeidskvardag der ho spring mellom fødande, telefonar og akutte situasjonar. Etter ein dramatisk fødsel får ho beskjed: «Du må ta ei dame til.» Ingen andre er ledige. Ho går vidare, med blod på kleda og vissa om at ho ikkje kan vere til stades for alle slik ho ønskjer.
Samtidig har SUS henta inn Deloitte for å undersøkje korleis sengepostane kan........
