menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kvifor vinn ikkje Rogaland Teater Hedda-prisar lenger?

9 0
20.05.2025

Kvifor vinn ikkje Rogaland Teater Hedda-prisar lenger?

KOMMENTAR: På 2010-talet regna Hedda-nominasjonane og -prisane over Rogaland Teater. Så langt på 2020-talet har teateret vunne null prisar. Kva har skjedd?

For andre år på rad har Rogaland Teater fått null nominasjonar når teaternorges gjævaste pris – Heddaprisen – skal delast ut. Gjennom heile 2010-talet (unntatt 0-året 2011) mottok teateret så mange nominasjonar og prisar at Aftenbladet gong etter gong skreiv begeistra artiklar om kor oppsiktsvekkjande det var at eitt av Norges beste teater låg i Kannik.

Har eg talt rett, mottok Rogaland Teater 33 Hedda-nominasjonar frå 2010–2019. Dei vann ti av prisane. Fire av desse ti åra vann teateret til overmål hovudprisen «Årets forestilling»:

I 2010 for «Vi som er hundre», regi Nina Wester.

I 2014 for «Perpleks», regi Glenn Andre Kaada.

I 2015 for «Hamlet», regi Kjersti Horn.

I 2017 for «Orlando», regi Sigrid Strøm Reibo.

Rogaland Teater vann sin siste Hedda-pris i 2017. «Orlando» sette ny Hedda-rekord, med heile sju nominasjonar. Dei vann prisen for beste regi, beste kvinnelege hovudrolle til Nina Ellen Ødegård. Og, altså, den fjongaste av dei........

© Aftenbladet