Demokratane – og demokratiet – vann i USA
Demokratane – og demokratiet – vann i USA
KOMMENTAR: Demokratane vann, Donald Trump tapte så det song. Spørsmålet er kva verdas dårlegaste tapar gjer nå.
– Lat som om eg står på valseddelen, sa Donald Trump i forkant av tysdagens mellomval i USA.
Det gjorde amerikanarane. Men resultatet blei det motsette av det Trump trudde. Demokratanes siger i det amerikanske mellomvalet er knusande, overtydande og historisk. Eit fleirtal av amerikanske veljarar – inkludert veljarar i tidlegare bombesikre republikanske statar som Texas og Kansas – er ikkje nøgde med Donald Trumps politikk.
Valet blei, som venta, ei folkeavstemming over den sitjande presidenten og hans politikk. Resultatet blei ei blå bølgje. Kanskje til og med ein blå tsunami. Og ein etterlengta siger for det amerikanske demokratiet.
Demokratane vann ikkje fordi Demokratane er så veldig populære. Dei slit til dømes med å bli einige med seg sjølv om dei skal søka mot sentrum eller venstre.
Men Trump og hans republikanske Maga-kandidatar er endå mindre populære. I tillegg til å oppføra seg som ei mafiøs bølle og bryta alle normer for normal folkeskikk og presidentoppførsel, har Trump brote sine viktigaste løfte. Det blir han nå straffa for.
I sist presidentvalkamp lova Trump frustrerte amerikanarar at dei skulle få eit betre liv. At........
