Nei til svekking av nyrevaktordninga ved Ålesund sjukehus
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte (LNT), både lokalt og sentralt, uttrykkjer sterk uro over forslaga om å redusere eller fjerne dagens nyrevaktordning ved Ålesund sjukehus.
Vi har forståing for at Helse Møre og Romsdal står i ein krevjande økonomisk situasjon. Samstundes må økonomiske innsparingar ikkje gå på kostnad av pasienttryggleik, kvalitet i behandlingstilbodet eller beredskap for alvorleg sjuke pasientar. For nyrepasientar kan rask tilgang til spesialisert nefrologisk kompetanse vere avgjerande for liv og helse.
Medisinsk-faglege grunnar
Dagens nyrevaktordning ved Ålesund sjukehus sikrar eit fagleg forsvarleg tilbod til eit stort geografisk område. Vakta dekkjer ikkje berre pasientar i Ålesund, men også Volda og store delar av fylket. Nyresjuke pasientar er ofte alvorleg sjuke, har samansette........
