menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Fylkespolitikarane sitt effektive sentraliseringsprosjekt

11 5
04.02.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den viktigaste kampsaka for dei profesjonelle kunstnarane i Møre og Romsdal er å auke rekrutteringa. Vi har, som fylke, svært få kunstnarar med ein svært høg snittalder. For det visuelle kunstfeltet snakkar vi faktisk om ein snittalder på pensjonsnivå. Yngre og nyutdanna kunstnarar vel å ikkje etablere seg i Møre og Romsdal. Unge som reiser ut og tek utdanning flyttar ikkje tilbake og kunstnarar frå andre stader ser ikkje mot vår region når dei skal etablere seg og bygge opp sitt kunstnarskap. Her finns nyansar i denne skildringa, men dette er hovudbiletet.

På ingen måte monna

Den viktigaste grunnen til denne situasjonen er mangel på jobbmoglegheiter, økonomi og fagmiljø. Her er få institusjonar og visningsstader. Visningsstadane som er her har problem med å rekruttere og halde på fagpersonell og med dette få økonomien til å gå rundt. Kunstfeltet er eit økosystem. Få kunstnarar – gir lite aktivitet – gir lite statlege midlar til fylket – gir utfordringar for institusjonane – gir dårleg publikumstilbod – gir lite jobb til kunstnarane – gir færre kunstnarar, osv.

Dei profesjonelle kunstnarane i Møre og Romsdal har akkurat fått nye og tydelege signal frå politikarane våre: Prosjektstøtta til profesjonelle kunstartar vart i desember kutta frå en mill. til 250.000 kroner og no er forslaget å fjerne ordninga heilt. Det blir årleg søkt om ca seks mill. og ordninga har på ingen måte monna i høve behovet. Men det var noko.

For oss er vedtaket i desember og forslaget som skal opp 4. februar eit så tydeleg signal frå politikarane om at verdiskapinga vår her i fylket ikkje er ønska, at det ikkje er........

© Tidens Krav