Guttastemning på norske vegar
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Norske vegar har aldri vore tryggare enn dei er i dag. Likevel mistar unge menn framleis livet i trafikken langt oftare enn andre. Skal vi kome nærare nullvisjonen, må vi våge å utfordre haldningane bak rattet.
Kvart år blir unge liv brutalt avbrotne på norske vegar. Bak kvart dødsfall står foreldre, søsken, vener og lokalsamfunn att med eit tomrom som aldri kan fyllast. -Kvifor er det slik at unge menn ofte hamnar i dei mest alvorlege ulukkene?
«Guttastemning» blir ofte brukt om god stemning, kameratskap og humor. Men av og til får ordet ei mørkare side. Når det å imponere kameratane blir viktigare enn å kome trygt heim, når høg fart blir eit bevis på mot, og når ingen i bilen seier stopp – då er ikkje guttastemning uskuldig lenger. Då kan ho koste liv.
Statens vegvesen publiserte hausten 2025 ei analyse der alvorlege trafikkulykker med unge hadde fokus.
Rapporten viser at fart, manglande køyreerfaring og høg risikoåtferd går att i dei fleste dødsulykkene med sjåførar under 20 år. Unge menn er sterkt overrepresenterte. Dei køyrer oftare i........
