Bruk nynorsk i nynorskveka
Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Dei siste åra har målrørsla markert 12. mai som nynorskdagen. Årsaka er enkel: Det var 12. mai 1985 at Stortinget vedtok å jamstille nynorsk og bokmål (landsmål/norsk og det almindelige bogsprog/dansk) som offisielle språk i Noreg. I år er aksjonen utvida til nynorskveka frå og med 6. mai til og med 12. Det var den 6. mai i 2014 at Stortinget vedtok den nynorske utgåva av grunnlova. Det er det god grunn til å markere, meiner vi.
Noregs Mållag har vendt seg til tusenvis av offentlege etatar (medrekna barnehagar og skular), verksemder, organisasjonar, kulturfolk osb. med den enkle oppmodinga: Skriv nynorsk på nynorskdagen. Det har kome svært mange positive tilbakemeldingar, og ikkje så reint få institusjonar og personar har følgt oppmodinga. Det treng ikkje vera så mykje – eitt ord, ei handleliste, ein sms, eit brev, ein artikkel, eit dikt, …
Mangfald
I 2002........
© Tidens Krav
