menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Tilbakeblikk på den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal

7 1
04.02.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Etter 44 års drift er dørene stengt på Aure Rehabiliteringssenter. Ein trist dag for befolkninga i Møre og Romsdal. Det siste offentlege, spesialiserte rehabiliteringstilbod utanfor sjukehusa her i fylket, er avvikla, omtrent akkurat to år etter at Mork rehabiliteringssenter måtte stenge dørene. Det einaste vi har att, er Muritunet i Valldal som er eit aksjeselskap, og som må konkurrere om brukarane gjennom anbod. Og litt rehabilitering på sjukehusa.

På ein slik dag er det naturleg for meg å ta eit tilbakeblikk.

God leiing

I løpet av over 40 år i helsevesenet her i Møre og Romsdal har eg hatt fleire arbeidplassar. Ein av dei var Helse og sosialavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune (også kalt Fylkeshelsesjefens kontor) i åra 1994 til 2002. Veldig lærerike og interresante år, og eg er stolt av å ha gått i Per Roland og Jarle Reitens «helseleiarskole» som eg ofte har kalt det.

Mange som har hamna i leiarstillingar i Møre og Romsdal har hatt nokre år under deira gode leiing. Eitt av områda eg fekk ansvar for, var å følgje opp dei somatiske rehabiliteringsinstitusjonane. Dei skulle også ha eit nært samarbeid med Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering på sjukehuset i Ålesund. Heretter kalt FYR.

Den gongen var det drift på Mork Rehabiliteringssenter i Volda, Nevrohjemmet rehabiliteringssenter i Ålesund, og Aure opptreningssenter. I tillegg har det alltid vore spesialisert rehabilitering på FYR, og i noko grad ved nevrologisk avdeling på Molde sjukehus.

Sidan eg kom frå stilling på nevrologisk avd, kjende eg litt til Nevrohjemmet. Eg hugsar kor imponert eg vart når eg kom dit første gongen, særleg over kvalitetssikringssystemet deira.

Institusjonane Mork, Nevrohjemmet og Aure, var starta og (del)finansiert av ideelle organisasjonar. Mork var åpna i 1975, Nevrohjemmet i 1977 og Aure i 1981. Før Mork og Nevrohjemmet var åpna var unge funksjonshemma som ikkje kunne bu heime, plassert i institusjonar for eldre.

Synet endra seg

Dei ideelle organisasjonane hadde sjølvsagt ikkje økonomi til å drive institusjonane, og det har vore offentleg drift heile tida. Dei første ca 30 åra gjennom fylkeskommunen. Mork og Nevrohjemmet var tidlegare spesialsjukeheimar og Aure rehab.senter var opptreningssenter. Det betydde ei anna finansiering, med tilskot frå Rikstrygdeverket og fylkeskommunen. Pasientruppa var også ei anna.

Tidlegare var sjukeheimane fylkeskommunale, men frå 1986 vart dei overførte til kommunane. Dette gjaldt ikkje spesialsjukeheimane. Fylkeskommunane skulle framleis ha ansvar for dei.

På Mork var det frå starten både personar som bodde der fast, og pasientar som var inne til rehabiliteringsopphald. På Nevrohjemmet var det fastbuande. Etter kvart endra samfunnet sitt syn på korleis folk med store funksjonhemningar skulle bu, og det vart bestemt av fylkestinget at institusjonane skulle gjerast om til rehabiliteringssentra. Dei fastbuande pasientane vart overførte til kommunal helseteneste, og etter eit benkeforslag i Fylkestinget fekk dei endåtil returrett om dei ikkje trivdes der dei vart flytta til.

Institusjonane jobba målretta for for å bli spesialiserte rehabiliteringssentre. Pesonalutvikling for allereie tilsette, omgjering av stillingar til nødvendige fagstillingar slik at det vart solide faglege miljø. Ergoterapeut(ar), fysioterapeutar, sosionom (ar), logoped, miljøterapeut (som gjerne var vernepleiar), sjukepleiarar og hjelpepleiarar. (Kanskje har eg gløymt nokon også) Legar (og psykologspesialistar) var knytta til institusjonane gjennom avtalar, - og samarbeid med FYR. I tillegg var det formalisert samarbeid mellom institusjonane, der også FYR og nevr. avd Molde var representert, samt representant frå helse og sosialavdelinga.

Etter kvart vart det felles inntaksteam. Søknad om opphald vart sendt til FYR, og pasienten fekk plass der vedkomande kunne få det beste tilbodet.

Fått livet tilbake

Noko som alltid er eit pluss i ein rehabiliteringssituasjon er om ein kan få nytte naturen. Både Mork og Aure har ein unik natur rett utanfor døra der det var tilrettelagt for gode turar, rasteplassar o.s.v.

Basseng er også veldig bra for mange som skal ha rehabilitering, og i Aure var det eit sterkt lokalt engasjement for å få bygd basseng. Lokalsamfunnet samla inn ca 1,1 millionar (på 90-talet) som vart overrekt på ei fylkestingssamling. Bassenget var åpna sommaren 1999 med stor festivitas, og var eit sterkt bidrag til at institusjonen vart godkjent som spesialisert rehab.institusjon.

Veldig mange pasientar har fått «livet tilbake» etter å ha vore brukar/pasient på desse institusjonane. Det er ikkje nok å berre få livet tilbake ved å overleve akutt sjukdom. Ein skal også lære seg å leve med den nye kvardagen, om ein greier å trene seg opp igjen eller ikkje. Mange av brukarane har progredierande sjukdomar som t.d. Parkinson sjukdom eller Multippel sklerose (MS) Det har vore gode rehabiliterinstilbod tilpassa mange pasientgrupper.

Eg vil nemne at eg har hatt nære pårørande som har fått god hjelp både på Nevrohjemmet og Mork. Den eine var så dårleg at han måtte matast med teskjei når han kom til Nevrohjemmet. Lam frå isse til tå etter ei hjerneblødning. Etter fire månader med målretta rehabilitering, gjekk han sjøl derifrå med rullator, og budde heime i 18 år etterpå.

God rehabilitering betyr svært mykje for enkeltpersonar som blir råka av sjukdom eller ulykke. Det er god samfunnsøkonomi. Tenk om den nemnde personen skulle vore sjukeheimspasient i alle desse åra. Det hadde både vore kostbart for samfunnet, og lagt dårlegare livskvalitet for han det gjaldt.

Tre val

Då Arbeiderpartiet fekk igjennom at spesialisthelsetenesta skulle bort frå fylkeskommunen og over til statlege foretak, vart rehab.institusjonane med. (1. januar 2002) Dvs Aure var eitt år lenger i fylkeskommunen, og vart........

© Tidens Krav