menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Ei usannhet er fortsatt ei usannheit uansett kor mange gongar Kjølmoen kjem med dette

9 0
11.07.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

AP er bortimot det frekkeste en kan oppleve, når dei hevder det er FrP som har kutta i vidaregåande skular her i fylket.

Sanninga er at ikkje ei kr er kutta i budsjettet frå FrP, Høgre, KrF og Venstre innan vidaregåande skular sidan desse partia tok over nærmast ei "økonomisk branntomt» etter 12 år med AP styre her i fylket.

Sanninga er at dei tre siste åra Kjølmoen og co styrte fylket, vart det kutta 100 mill kr på akkurat, ja vidaregåande skular, mot FrP sine stemmer blant anna.

Frekt

I fylket er det ei eiga budsjettforskrift som Kjølmoen og AP også har stemt for, som gjer at einingane kan beholde mindreforbruk men må dekke inn eige underskudd året etter i budsjettet.

Dette førte til at etter brutale kutt i rammene til vidaregåande skular over mange år frå AP, måtte dette kuttast inn, fyrste året som Kjølmoen viser til, ja 50 mill kr etter underskot året før. som altså var resultatet etter Ap sin politikk.

Og det er ganske frekt av Kjølmoen å snakke om fylkeskommunen sin økonomi, som no manglar mindt 500 mill kr pr år pga krav om nullutslipp for bil, buss og ferjer, som fylket overhode ikkje har pengar til.

For ikkje å gløyme AP sine kraftige aukar av skattar, avgifter og skyhøg rente, noko som rammar både kommunane og fylket brutalt , for ikkje å snakke om næringslivet.

Eg har vore i fylkestinget i meir enn 20 år, og er inne i min sjette periode. Aldri før har fylket hatt verre økonomisk grunnlag,........

© Tidens Krav