«Vi søv dårleg om natta dersom vi ikkje klarer å bruke denne moglegheita»
KI før skulenedlegging
– Før vi legg ned ein einaste skule, må vi stille det rette spørsmålet: Har vi gjort nok for å effektivisere administrasjonen, spør Gjermund Hagesæter.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Oljefondssjef Nicolai Tangen sparer milliardar på kunstig intelligens. Han seier det rett ut: Dette er ei «once in a lifetime opportunity».
I Oljefondet aukar dei produktiviteten med 20 prosent i året ved å setje KI inn i alt dei gjer.
Kvifor skal ikkje Alver kommune klare det same?
I dag brukar vi altfor mykje tid og pengar på administrasjon. Samstundes går debatten i Alver nesten berre om skulenedleggingar. Det er ei feil prioritering. Før vi legg ned ein einaste skule, må vi stille det rette spørsmålet:
Har vi gjort nok for å effektivisere administrasjonen?
Alver kommune har over 30.000 innbyggjarar og eit driftsbudsjett på rundt 3 milliardar kroner. Då er det openbert at det finst eit stort potensial for smartare drift. Kunstig intelligens kan redusere saksbehandlingstid, automatisere møteførebuingar, effektivisere innkjøp og optimalisere turnusar. Dette handlar ikkje om framtidsfantasiar – det skjer no.
Tangen seier at norske verksemder snakkar for mykje om rammevilkår og for lite om KI. Det same kan seiast om Alver. Vi snakkar for mykje om kutt i tenester, og for lite om korleis vi kan drive smartare.
Alver FrP meiner at bruk av KI må setjast øvst på agendaen i alle møte – både politiske og administrative. Kvar einaste sektor bør rapportere på korleis dei kan ta i bruk teknologi for å redusere kostnader og auke kvaliteten.
Målet må vere klart: Redusere talet på administrative stillingar gjennom naturleg avgang. Vi snakkar ikkje om oppseiingar over natta. Men når folk går av med pensjon eller sluttar, må vi spørje: Treng vi å erstatte stillinga, eller kan oppgåvene løysast smartare?
For kvar million vi sparer i administrasjon, kan vi styrke skule, helse og eldreomsorg. Det er sunn prioritering. Det er ansvarleg økonomistyring.
FrP har alltid stått for effektiv bruk av skattebetalaren sine pengar. Vi meiner det er betre å modernisere rådhuset enn å legge ned nærskulen. Betre å kutte byråkrati enn å kutte tenester.
Dersom Oljefondet kan spare milliardar ved å tenkje nytt, må Alver kommune kunne spare titals millionar. Det krev politisk vilje. Det krev leiarskap. Og det krev at vi tør å prioritere teknologi framfor symboldebattar.
Vi søv dårleg om natta dersom vi ikkje klarer å bruke denne moglegheita godt nok.
Alver FrP vil setje kunstig intelligens først. For betre tenester. For lågare kostnader. For ein framtidsretta kommune.
Medlem i styret Alver FrP
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
