menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

«Denne jula vart den besta nokosinne, tykte ungane og mora då julefreden senka seg over bygda»

14 1
01.01.2026

Lesarreportasje: Denne julehistoria handlar om brørne Ola, Bjarne og vesle Eivind.

Ola er 11 år, Bjarne er 9. Vesle Eivind er en veslevaksen kar på nesten fem år, som stadig har uhell med trehjulssykkelen sin. Det viser på knea hans som er raude og oppskrapa, men Eivind gir seg ikkje.

Han kjeftar på framhjulet som er i ubalanse. Det fører til knall og fall og blodige kne pluss mykje plaster på kryss og tvers.

Dei tre børene heng mykje samen seint og tidleg.

Somme tider vil Ola og Bjarne finna på ting utan at veslekaren heng på dei heile tida.

Ho Anna, mora til dei tre gutane, strevar med å driva garden og ta seg av tre aktive karar.

Mjølking seint og tidleg slit på i lengda når husbonden er borte på arbeid i lange tider om gongen.

Lars Inge, som er far til dei tre villstyringane, er styrmann på ein stor båt i utanriksfart. Han er borte frå familien mellom eit og to år om gongen.

Ola og Bjarne saknar sjølvsagt faren sin. Vesle Eivind var litt av ein mammadalt, tykte brørne.

Det nærma seg jul i 1939. Dei tre sønene til Lars Inge visste ikkje om faren kom heim til høgtida. Det var uro i Europa og mora bad til Gud kvar kveld om at ektemannen måtte koma heim til ho og ungane før jul.

Ein eldre nabo hjelpte til når han slapp frå arbeidet på sin eigen gard. Han var ungkar og barnlaus.

Ungane kalla han for Krotakallen sidan skinnbuksene hans bråka når han gjekk bort til smia, som han dreiv ved sida av jordbruket.

Skinnbuksene skulle beskytta han mot glørne frå gruva når han smidde nye hestesko til ho Frøydis, som hesten hans heite. Frøydis var ein gamal fjording som hadde sett sine beste dagar.

Dei tre brørne var bortom smia støtt og stadig, for dei var svært nysgjerrige på smeden sitt smedarbeid. Dei tykte det var spanande å sjå på.

Ein kveld Ola og Bjarne var på veg heim frå akebakken med krubba på slep, stoppa dei ved huset til han Magnus på Leite og sette seg ned på krubba.

«Ola,» sa Bjarne, «eg kom nett no i tankar om veslebror vår som styrer på med trehjulssykkelen og kvelvar heile tida. Kan me laga ei vogn til veslekaren, som han kan få til jul?»

Ola tenkte seg om.

«Det er no ikkje rette tida å laga ein Olabil no når det er vinter,» svara han.

«Eivind bryr seg ikkje om årstid.» sa Bjarne, «Det blir ikkje lett å laga ein Olabil, men det kan gå om me brukar gamle delar.»

«Eg har det,» sa Ola, «me har ein gammal kjelke i løa som ingen brukar. Den har plass til to personar.

Om me monterer akslingar framme og bak med hjul frå ei gammal barnevogn, så blir det ein resar. Me tek av meiane og sagar inn to hjulbuar på kvar side og monterer ratt framme. Me må og ramma inn sleden så ikkje veslekaren dett av.»

Det var ein god ide, tykte begge. «Men då treng me hjelp av smeden og han Rein,» sa Bjarne.

«Rein er ein trylle-kunstnar med mekaniske greier endå han ikkje er meir enn nokre få år eldre enn oss. I morgon når me er ferdig med skulen, går me opp og snakkar med han om prosjektet vårt.»

«Kvar skal me halda til når me byggjer Olabilen?» spurde Ola:

«Heime går ikkje for mor er redd for alt som køyrer fort. Når hesten vår, Trøy, set opp farten, så vert ho rasande på han for han langar ut heilt til han kjem ned på kaien i Støe, der meieriet tek mot mjølka frå kyrne våre. Då først stoggar han.»

Begge karane tenkte så det knaka.

«No veit eg det,» sa Ola:

«Me monterer saman doningen nede i kvernhuset til Gust-Andersen som ikkje er i bruk om........

© Strilen