Når vart muslimen talsperson for alle innvandrarar?
Eg har begynt å undre meg over noko i den norske samfunnsdebatten:
Når vart muslimen representanten for alle innvandrarar?
Slå på ein debatt om integrering, innvandring, religion, kultur eller norske verdiar, og svært ofte sit ein muslim der. Islam blir diskutert. Muslimske miljø blir utfordra. Muslimske stemmer svarar.
Men innvandrarar er ikkje det same som muslimar.
Det bur hinduar, buddhistar, sikhar, jødar, kristne, ateistar og menneske med ei rekkje andre livssyn i Noreg. Mange av dei har innvandrarbakgrunn. Likevel er dei merkeleg fråverande når «det nye Noreg» skal diskuterast.
Kvifor spør vi så sjeldan ein hindu om kva han meiner om integrering? Kvifor høyrer vi så lite frå buddhisten om norske........
