Når flyet landar i Sápmi – men språka våre blir att på bakken
Sikkerheitskontrolløren kjeda seg så mykje at han smilte og sa:
– Du skal bli grundig sjekka i dag. D Eg svarte:
– Eg har nyvaska underbukse, så dykk treng vel ikkje gå så grundig til verks.
Det vart høg latter i kontrollen. Ei lita stund med varme mellom folk. Humor. Menneskelegheit.
Etterpå sat eg på kafé på flyplassen medan tida gjekk tregt. Så kjem ein kjenning frå Karasjok gåande.
Ein mann med nordsamisk som daglegtale. Vi byrja å prate saman – han med sin norske riksmåldialekt eg med mitt Nordfjordspråk/dialekt. Kjekt og treveleg
Så gjekk vi om bord på Widerøe-flyet til Banak.
Så kom den velkjende tryggingsmeldinga:
Belte. Nødutgangar. Flytevest.
Ei streng stemme frå Sunnmøre innspelt på høgtalar..
Men ikkje eitt ord........
