Eksamensrulett
Eksamen er ei utdatert og urettferdig vurderingsform.
Det kan vere ein dårleg dag fordi foreldra dine nyleg har skilt seg, eller du har blitt dumpa dagen før, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto.)
På onsdag klokka ni får eg og om lag 60.000 andre 10.-klassingar rundt om i Noreg, vite kva fag vi skal ha skriftleg eksamen i.
Da vert det trekt eit heilt tilfeldig fag, og vi skal ha eksamen på ein heilt tilfeldig dag. Trekninga tek ikkje omsyn til kva fag du er god eller dårleg i.
«Lite fair at ei loddtrekning avgjer kvar eg kjem inn på vgs»
«Lite fair at ei loddtrekning avgjer kvar eg kjem inn på vgs»
Eksamen er ein eigen karakter på vitnemålet, så den tel altså like mykje som eit heilt år med prøver, innleveringar og innsats. Det er ikkje rettferdig at seks timar i ein sveitt gymsal skal avgjere kva moglegheiter vi får i framtida.
Dersom eg på onsdag får vite at eg kjem opp i norsk, kan eg senke skuldrene. Der vil eg ha gode sjansar til å kunne få ein seksar. Kjem eg derimot opp i engelsk vil sjølv ein firar vere bra for meg, og ein trear vil ikkje vere utenkeleg.
Eksamen er ei urettferdig vurderingsform,........
