menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Norske fjell blir farlegare

28 0
25.10.2026

Norske fjell blir farlegare

Det som før var ein enkel fjelltur, kan brått bli livsfarleg.

For å førebyggje ulykker er det behov for betre varsling til turgåarar, skriv kronikkforfattarane. Biletet er frå Jotunheimen.

Nyleg kollapsa den øvre delen av Gjertvassbreen i Jotunheimen. Det er eit varsel om at ferdsel i dei høgste fjellområda våre blir meir risikoutsett.

Med det enorme bre- og fjellskredet i Nepal friskt i minne, vart skredet i Jotunheimen ei påminning om at også høgfjellet i Noreg er påverka av klimaendringane.

I Alpane blir populære fjelltoppar stengt for ferdsel og fjellhytter lyt halde stengt grunna stor steinsprangfare, som igjen skuldast varmt vêr.

Gjertvassbreen i Jotunheimen etter skredet i september.

Ein nyleg avslutta studie viser at også i Jotunheimen er turgåarar utsette for risiko som følge av klimaendringane. Brekollaps, isskred og steinsprang er meir sannsynleg og kan ramme turistar og infrastruktur.

Fleire brear kan kollapse

Dei fleste brear er langt unna både turstigar og turistar, men nokre kan utgjere ein risiko. Til dømes er øvre del av Styggedalsbreen i Jotunheimen utsett for same type kollaps som nabobreen Gjertvassbreen.

«Det kan bli ei utfordring å evakuere mange hardt skadde»

«Det kan bli ei utfordring å evakuere mange hardt skadde»

Ei simulering av ein slik kollaps syner at ismassane vil kunne råke ferdsel. Rett nok ikkje mykje ferdsel, men på «varmekartet» til den populære treningsappen Strava kan ein sjå at det er noko trafikk der.

Andre plassar kan isskred treffe vatn og elvar, som igjen kan gje styrtflaum.

Auka temperatur aukar faren for steinsprang over populære turstiar. Oppvarming og tining av permafrost........

© NRK