menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Reis heller hit

26 0
26.07.2026

Eg har kasta bort nok feriedagar på kø. Her er 12 stader eg ville reist til før alle andre oppdagar dei.

Som turistar får vi meir makelause ferieopplevingar på mindre kjende destinasjonar, skriv kronikkforfattaren. Bilete er frå Chefchaouen, den blå byen i Marokko.

På trass av at eg har reist i heile verda, må eg innrømme at eg tidt og ofte har reist feil. Ikkje berre har eg følgt straumen, stått i kø og reist utanskjers til stader som for lengst var oppdaga av «alle» andre. Det har òg skjedd over store delar av Noreg.

Topptabben skuldast mangel på kreativitet når eg let vere å tenkje sjølv og heller følgjer etter andre turistar.

Her heime aukar talet på tilreisande kvart år, takka vere fryseferie eller «coolcation», når stadig fleire ferierande utlendingar rømmer frå hyppige hetebølgjer.

For det første må eg då stå i kø. Det er ille nok i seg sjølv.

Ein plass du garantert ikkje er åleine ein sumardag: Preikestolen i Lysefjorden.

I tillegg kjem dyrare overnatting, høgare parkeringsavgifter, visuell forsøpling av eigne bilete som alltid inneheld andre reisande, og eit evig stempel som gruppeturist utan evne til sjølvstendig tenking.

Men kva er alternativet?

Pilkast på kart, globusrulett eller trekking av stadnamn frå ein hatt kan fungere, men då er det fort gjort å hamne midt på ei vidde, i eit nokså utriveleg diktatur eller langt til havs.

Alternativt er det enkelt å velje ein viss type reisemål blant verdskjende stader eller wow-attraksjonar du får servert av favorittpåverkaren din, den vaskeekte influensaren.

«Det finst knappast noko meir fantasilaust reisemål»

«Det finst knappast noko meir fantasilaust reisemål»

Problemet er at hen tilrår og framsnakkar stader mot sjenerøs betaling. Vedkomande er med andre ord ingen påverkar, men blir påverka.

Sidan blir «tipset» outsourca til oss som bit på med søkke og snøre.

Det er her vi bør agere. For når eit reisemål har blitt trekt fram, så gjeld det å finne eit betre alternativ. Gjerne ein destinasjon som har mange av dei same kvalitetane som kjendisstaden, men utan dokøar, suvenirsjapper og sjellaus kulturterrorisme.

Vel heime att kan vi fortelje familie, vener og kollegaer om uvanlege og usedvanlege reisemål. For å inspirere, ikkje påverke.

La meg kome med nokre døme, frå sør til nord.

Ikkje vesle Zanzibar, men gigantiske Madagaskar

Det har blitt trongt om plassen etter at vestlege turistar begynte å utforske eventyrlege Zanzibar. Madagaskar, «verdas åttande kontinent», har noko for alle og utfordringa blir fort mangel på tid.

Baobabtrea er blant dei mest ikoniske syna på Madagaskar.

Landet knivar med Sør-Afrika om den beste maten i verdsdelen og flottar seg med lemurar, baobabtre, ein unik steinskog og strender i verdsklasse.

Madagaskar er kjend for lemurar.

Unngå å planlegge altfor lange bilturar. Vegane innbyr ikkje til høge........

© NRK