Vi burde ta ut dei yngste dyra
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
(Sogn Avis): Jakt handlar om meir enn å felle den store bukken og vise det på sosiale medium.
Sidan eg var gutunge har eg levd tett på hjorten. Dei store dyra stod stille langs den mørke stien eg gjekk frå fotballtreninga om hausten, eller bukken brølte ut sine brunstige lydar rundt i fjordlandskapet. Det var ein eigen sport å smyge seg innpå dyra i skumringa, for å sjå kor tett innpå vi kunne kome.
Erfaringa eg fekk gjennom slike daglege møte med hjorten, og gjennom leiken i skogen, vart viktig då eg seinare blei hjortejeger og skulle jobbe med hjortedyr.
Med rifla over skuldra og kikkerten rundt halsen har eg i tre timar smyge meg gjennom furuskogen. Eg har knapt sett eit spor av hjort enno, og tenker at det er mange færre hjort enn eg er van med.
Men det er oktober, noko som betyr paringstid. Hjortebrunsten er blant dei mest høglydte naturfenomena vi har. Under jakt i oktober er det gode sjansar for å høyre bukkar brøle ut si lyst (og kanskje frustrasjon). Det kan jegeren også bruke for å lokalisere hjorten.
Eit urbrøl nede i lia får lufta i skogen til å dirre. Det kriblar i ryggmargen.
Eg brøler tilbake. Hjorten svarar og plutseleg har vi ein samtale på gang! Lyden nærmar seg, og eg ligg heldigvis i skjul bak ein stubbe........
