Typisk norsk
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
... der statsministeren budde akkurat som andre folk
... og tenkte kloke tankar på fisketur.
Ja. I dette landet ...
... måtte du rett og slett kunna saga ved for å verta statsminister
... uansett om du kom frå Høgre
... eller Arbeidarpartiet.
Eller køyra rare landbruksmaskiner. Om du kom frå Senterpartiet.
.... om det vart jappetid
... rydda Sigbjørn opp
... om det vart finanskrise
... ja, då ringte me Sigbjørn på nytt.
... om det vart pandemi
... ja, då hadde me full tillit til Bent og Erna
... iallfall ganske lenge.
Ja, i eit land der den sovjetiske presidenten vart tatt med på Fisketorget ...
... og fekk sjå pale og lyr
... og versågod måtte eta rømmegraut.
... der statsministeren tok lunsjen med den svenske kollegaen
... på graset ved den spartanske hytta
... der statministeren tok med seg dronninga av Storbritannia til garden i Trøndelag
... for å spela boccia (!)
... der statsministeren måtte komma heim til foreldra til Knut Arild på Bømlo
... for å spørja om han ikkje ville verta med i regjeringa.
... der mjølk var vinen
... der kleskode var gresk
... i eit slikt land er fallhøgda ganske stor
For på eit eller anna tidpunkt ...
... klikka det for oss.
... som skulle laga fred
Skal me vera heilt ærlege ...
... så gjekk det ikkje særleg bra
Men det var vel ikkje vår feil?
... for me gav jo fredsprisen til folk
... som heller ikkje hadde skapt fred
... og me kunne kjøpt heile Sverige
... og me kunne hoppa lengst på ski
... om me berre fiksa bittelitt på hoppdressen
... i eit slikt land er fallhøgda ganske stor
... dersom du har dratt nytte av å gå i sporet til dei som nytte høg tillit
... til dei som gjekk akkurat som folk flest
... men snøvlar i veg om jentene i Albania
... hjelper «ein venn» til å få kontakt med Putin
... lar familien reisa til ei luksusøy
... deltek i middagar
... jattar med om ein ny geopolitisk arkitektur
... og at denne bør erstatta FN
... og skriv meldingar om at «eg saknar deg, sir»
... får hjelp til å kjøpa leilegheit til halv pris av ein «bestevenn»
... eller får millionar av dollar testamentert til barna sine
... eller flørtar i veg
... og reiser på besøk
... til ein styrtrik, mektig, serieovergripar
... som utnytta barn og kvinner på det grovaste
... og som verkeleg fann tonen med dei som endrar verda til det verre.
...det er grenselaust provoserande.
Det rammar slettes ikkje berre dei sjølv. Men òg institusjonane som har gitt dei makt og påverknad.
Institusjonar som Kongehuset, Stortinget og Regjeringa, som i Norge har nytt uvanleg stor tillit.
Det var ein gong eit land ...
... eit land der ein verdsette det enkle og det nære
... og forakta snobberi, kaksar og store skilnader.
Som Ivar Aasen skreiv i det gløymde verset i Nordmannen / Mellom bakkar og berg:
... i dette landet er det på tide å sjå seg sjølv i speilet.
Det er typisk norsk å vera god ...
… venn med ein styrtrik, maktsjuk, manipulerande serieovergripar.
Ja. For me er verkeleg ein del av denne klubben.
Den gamle livsløgna var òg ei løgn ...
... eller ein god kommunikasjonsstrategi, som me hadde sagt i dag.
Likevel: Livsløgna er død. Leve livsløgna.
Den er langt betre enn alternativet.
