menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Handelen som kan gjera Donald Trump rasande

7 1
15.02.2025

Sølve Rydland, politisk redaktør i Bergensavisen

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(Bergensavisen): Bontelabo, Bergen. Fredag ettermiddag.

På dekket på den franske fregatten Auvergne, med praktfull utsikt mot Skuteviken, Sandviksfjellet og Byfjorden, er representantar for det norske og franske sjøforsvaret djupt inne i detaljane.

BA får vera floge på dekket.

Det vert snakka om våpensystem, vedlikehaldssyklusar, og detaljar om radarsystem og sonarar.

Saman med representantar for det franske industriselskapet Naval, gjer franskmenn i blå uniformer det dei kan for å gjera seg lekre for norske kollegaer.

Dei norske om bord har på seg den strengt profesjonelle maska. Her er det ikkje rom for personlege preferansar.

Norge skal ut på ein handletur som fort kan verta den aller dyraste nokosinne. Me snakkar om ei investering i høgteknologiske krigsmaskiner, som samla kan komma til å kosta mellom 120 og 150 milliardar kroner.

Norge skal kjøpa fem eller seks nye fregattar, som både skal kunna brukast til luftvern og ubåtkrig. Håpet er å sjøsetta den første om fire år. Det hastar!

Ikkje berre det. Stormkasta i den internasjonale politikken gjer at Norge må gjera eit val som kan få store konsekvensar for relasjonen til dei aller beste vennane våre.

Tyskland, USA, Storbritannia og Frankrike er kandidatane som står igjen i konkurransen, etter at Forsvarsdepartementet har forkasta fregattplanane til sju andre land.

Det er ikkje berre fregattar som skal kjøpast inn. Like viktig er eit langsiktig og forpliktande strategisk samarbeid med eit alliert land. Med nokon me skal kunne stola på og ha tillit til.

Store forsvarskontraktar har alltid vore kompliserte. At Donald Trump er i ferd med å knusa den........

© Nettavisen