menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Påske og tradisjonar

8 0
16.04.2025

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Favoritthøgtida mi er desidert den store gledesfesten (aka påske).

Og det eg liker aller best er den salige miksen av tradisjonar. Noko er frå før-kristen tid , noko frå jødedommen, noko hedensk og noko frå då Norge var katolsk.

Og desse tradisjonane er me i ferd med å gløyme.

Tidligare fasta ein 40 dagar før påske for å minnast Jesus si faste i 40 dagar i ørkenen. Fastetradisjonen ble avskaffa på 1500-talet, men tradisjon med fastelaven har me behalde den dag i dag, sjølv om me ikkje faster.

Egget har lang tradisjon som del av påskefeiringa. I før-kristen tid var egget symbol på livskraft og nytt liv. Då grov folk ned egg i åkeren ved vårjevndøgn for å få god avling. Det var ei viktig tid for bonden, for på denne tida begynte hønene å verpe igjen etter ein lang og mørk vinter, og våren sto for døra. Kyllingane blir og klekt på denne tida. Då kristendommen kom, blei egget symbol på Jesu oppstandelse.

Påskedagane har hatt og til dels har fleire spesielle tradisjonar og tidligare var det mykje overtru knytta til denne høgtida.

Palmesundag blei huset gjerne pynta med gåsungar eller grøne seljekvister som blei kalla palmer eller seljepalmer til minne om Jesu inntog i Jerusalem.

Fasta si strengaste tid var frå palmesundag til påskedagen. Det ble kalla den stille veka. Då skulle alt arbeid helst ligge, og ein var så stille som mogleg. Musestille.

Namnet Skjærtorsdag betyr på gamalnorsk renselsesdagen. Det viser til Jesu fotvasking av disiplane og innstiftinga av nattverden, men skira kan og bety døype eller kristne, og blant norske bønder var det derfor lenge skikk å døype og navngi nyfødte husdyr denne dagen – killinger, lam og kalvar.

Fleire trudde at Kristi kors var skåre på Skjærtorsdag, derfor skulle ein ikkje bruke øks eller kniv på denne dagen. Ein skulle ikke strikke, då pinnane minna om lansene Jesus ble stukke med og tornekransen han bar.

Vatn ein tok frå bekker og brønner før fuglane kvitra den morgonen, blei kalla skirslevatn og var bra mot alt vondt.

Folk trudde at heksene drog til Bloksberg denne dagen, så det var ekstra viktig at sopelimet sto ute. Viss ikke kunne ho ta ein hest, ei ku eller ei geit i staden.

Nokon la stål i senga og ved døra, i fjøs og stall. Til og med hjula ble tatt av plogen så heksene ikkje skulle komme til.

Nokre stader brukte ein å ringe med kyrkjeklokkene før soloppgang på denne dagen, til langt ut i det nittende århundre. Det fekk heksene ned på bakken.

Det fyrste levande ein såg om morgonen ville virke inn på ein. Møtte du ein hest blei du sterk, ein katt gjorde deg doven, mens småfuglane ville gi deg eit år med glede.

Om ein la en mynt i den venstre skoen skjærtorsdagsnatta, ville ein........

© Haugesunds Avis