menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Menneske før pengar, eller kva Frp?

10 0
02.04.2025

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Frp har alltid ein unnskyldning når sakar om flyktningar skal opp til debatt. Noreg og Karmøy bør ikkje ta inn flyktningar fordi nokre av dei som har kome, utfører kriminalitet. Me kan ikkje ta imot muslimar, for det er ein ukjent og skummel religion som ikkje høyrer saman med norsk kultur. I fjor skulle me berre ta inn ukrainske flyktningar. I år meiner FpP at me ikkje har pengar nok til å ta imot nokon i det heile tatt. Er det ikkje det eine, så er det det andre.

Mangelfull politikk frå Frp

Eg finn det utroleg provoserande at Frp latar som dei er ansvarlege, når dei no ynskjer å ha full stopp for flyktningar i Karmøy. Dei skyldar på kommuneøkonomien, som er under press. Eg meiner Frp gjer forskjell på folk, når dei i ein sak meiner me må ta kostnaden sama kva den er, for i neste sak meine at me må vete om kvar ei krone før me gjer vedtak. Sjølvsagt er det alltid flyktningane det går utover.

Frp seier at det er ei statleg oppgåve, å sørgje for at Karmøy har økonomi til å ta inn flyktningar. I Raudt er me heilt einig i at staten må styrkje kommuneøkonomien. Samstundes er det håplaust å høyre på Frp i denne saka. Frp har ikkje politikk, korkje lokalt eller nasjonalt, for å styrke kommuneøkonomien. Dei går til val på å kutte i skattar til dei rike, kutte i bistand og ta imot færre flyktningar i Noreg. Eg har til gode å høyre Listhaug snakke om at kommuneøkonomien er under press, eller presentere tiltak på korleis dei vil gje kommunane meir pengar. Heilheita av politikken til Frp tilseier ikkje at kommunane framover skal få meir pengar, og at ein difor heller ikkje får teke inn fleire flyktningar.

Noreg tener enormt på krig i verda

Noreg tener rekordmykje på eksport og sal av våpen. 7,9 milliardar tjente staten i 2024, og det var rekordhøgt. Eksporten av olje og gass er og rekordhøgt etter krigen i Ukraina starta. Ikkje minst investerer oljefondet mellom anna over 200 millionar kroner i selskap som er med å halde fram okkupasjonen av Palestina. Frp, som kapitalistisk parti, står med klar støtte til sal av våpen. Dei er tydeleg på israelsk side i krigen (og folkemordet) mot Palestina. Det er altså svært ironisk at Frp meiner staten kan tene pengar på krig, men vil senke inntaket av flyktningar. Det er dobbeltmoralsk og forkasteleg.

Frp spør i sitt debattinnlegg, frå........

© Haugesunds Avis