Samd i alt om E134 bortsett frå ein ting
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I Haugesunds Avis 12 .august har dagleg leiar i Haugaland Vekst, Sigmund Lier, eit innlegg om å få auka fokus på E134 vest for Stordalen i Etne. Eg er samd med alt i heile innlegget fram til Lier skriv følgande: Men før ein startar på nye prosjekt i armen mot Bergen, må hola på vestsida tettast.
Her går Lier inn i ein tradisjon som gjeld kysten frå Haugesund til Bergen om at alt må byggast ut der før ein kan tenka på vegane i indre strok av Vestlandet. Hordfast hadde same argumentasjon i innspela til KVU for arm mot Bergen, Hordfast må på plass før ein kan starte på arbeid med armen. Bergenspoltikarane har heile tida prioritert sine vegar mot Voss/Lærdal og Hardangervidda, medan vegane i indre strok og spesielt Ullensvang har blitt nedprioritere..
Eg bur sjølv i Odda, driv butikk i Skare og har hytte på Løyning (Seljestad). Sidan hytta vart bygd i 1963 har vi hatt følgjande forbetringar av RV 13 mellom Odda og Seljestad: Ny bru ved Vasstun i Odda, Lausasteintunnelen (ca 1 km ny veg) og Grønsdalsbrekko (ca 300 m ny veg). I tillegg kom ny veg mellom Kløvet og Seljestad på E134 i 1979, slik at vi slepp dei gamle Utsiktssvingane. Denne 46 år gamle vegen blir fortsatt kalla «nyevegen» av folk i Skare. Eg har også reist mykje til familie i Sandeid opp gjennom barndomen. Frå krysset i Kløvet til Stordalen er all veg ny og utbetra sidan mine første turar til Sandeid (og takk for det).
Det er spesielt sommatrafikken som er utfordrande i Ullensvang kommune, og her kjem ein........
© Haugesunds Avis
