Fredinga står ikkje i vegen for gode løysingar
Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I fleire avisartiklar har fredinga av Stord sjukehus fått skulda for at pasientar har opplevd uverdige forhald på sjukehuset.
Kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Magne Kydland, seier til avisene at fredinga gjer det vanskeleg å byggja om på eksisterande rom. Riksantikvaren og Vestland fylkeskommune tykkjer sjølvsagt at det er svært leit, men vi meiner at sjukehuset ikkje kan skulda på fredinga for desse forhalda.
Det er helsesektoren sjølv som har vald ut Stord sjukehus til freding. Sjukehuset har betydeleg arkitektur- og helsehistorisk verdi. Men det er heller ikkje slik at heile sjukehuset er freda. Då fredinga vart vedteken i 2012, vart fleire bustadar for sjukehustilsette freda, samt enkelte rom i sjølve sjukehusbygget. Dette........
© Haugesunds Avis
