Styret i Olav Vik-stiftinga i Etne byter bort nesten halve arealet
Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Styret i Olav Vik-stiftinga gir vekk nesten halve eigedomen som er testamentert til bygdefolket. Eigendomen Olav Vik hegna om og stelte som sitt eige barn.
Skogreisningsmannen/revisoren testamenterte gåva til ålmenta i Etne, og paragraf 2 i vedtektene seier følgjande:
«Stiftinga skal ha til føremål å halde ved like eigedommane på Osnes, og sjå til at garden vert nytta til:
* Rekreasjon
* Opplæringsføremål
* Opphaldsstad for kunstnarar av alle slag
* Og til historiske føremål
Alt innanfor dei ramene som gjer at tiltaka kjem ålmenta og lokalsamfunnet til gode.»
Me fekk høyre om dette «makabytet» frå naboar til stiftinga, som etter å ha motteke nabovarsel, gjorde oss merksame på saka.
Stiftinga var ei gåve frå Olav Vik til folket, og areala har kulturell og historisk verdi. Dette bør ikkje bytast vekk. I dag er delar av arealet i stiftinga gjort om til ein flott park, medan andre delar utgjer eit viktig kulturlandskap som bør takast vare på for framtida. No er det foreslått at stiftinga skal byte bort fire teigar med kulturlandskap og skog, til saman i underkant av 100 dekar, mot eit lite område på om lag seks dekar dyrka mark i strandsona.
Hovudargumentet for dette bytet er mellom anna behovet for parkering og toalett, noko som ikkje krev eit slikt byte, då det er rikeleg plass på stiftinga sin eigedom. At styret i stiftinga vil utvikle og byggje fine toalett, bygg og parkeringsplassar, har etter vår meining ingenting med denne saka å gjere. Det er nok av plassar å få til dette, til dømes på oversida av vegen, som òg høyrer til Olav Vik-stiftinga. Etter at me var ute og såg, konkluderte me med at dette er fullt mogeleg. Me set spørsmålteikn ved at teigen på seks dekar, har like høg verdi som Olav Vik sine nesten 100 da. Strandsoneareal er uansett ikkje tilrådeleg å byggje parkering og toalett på.
Når bytet er så ujamt betyr det at Olav Vik-stiftinga skal gje frå seg om lag 90 dekar eigedom utan kompensasjon, noko som utgjer nesten halvparten av den flotte eigedommen.
Kven skal betale saksomkostningane til dette bytet?
Stiftinga, som skulle ta vare på denne skatten, skulle bestå av kyndige personar med skogkunnskap, interesse for kunst og dikt, og frå institusjonar han hadde tillit til.
§3 «Styret skal ha følgjande samansetjing:
* 1 representant frå Sogelaget, eventuelt frå Sunnhordland museum
* 1 representant frå Sparebankstiftinga Etne
* 3 representantar frå Etne kommune, der ein er skogkyndig og ein er kunstnar – helst frå Etne.»
Det er svært opprørande at stiftinga skal betale for å kvitte seg med desse verdifulle teigane. Dette er potensielt tomteareal og dyrka mark, alle med stort potensial for å utvikle Olav Vik-stiftinga i framtida. Her er det altså store moglegheiter for inntekter........
© Haugesunds Avis
