– Dette finn me oss ikkje i lenger
Ope brev til ordførar og folkevalde i Askøy vedrørande vasskrisa i nord
No er tolegrensa vår nådd. Dette finn me oss ikkje i lenger, skriv Magne Fromreide om drikkevatnet i nord.
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens egen regning.
Oksnesvatnet er hovudvassforsyninga til bygdene nord for Åsebø, men slit med å levera reint og nok drikkevatn til abonnentane. Dette er eigentleg ikkje noko nytt. Stadige kokevarslar, samt varslar om vassparing på grunn av kapasitetsproblem, er innbyggjarane i nord etterkvart vande med. For å testa ut «norrisane» sitt tolmod, kan Askøy kommune på sine nettsider no fortelja at dette er noko ein berre må leva med. Lekkasjar på leidningsnettet er årsaka til kapasitetsproblema. Utan å ha undersøkt dette nærare, vert det likevel konkludert med at lekkasjane truleg er på det private leidningsnettet. Altså truleg ikkje kommunen sitt problem.
Elles vert det opplyst........
