Visvas, Velle!
KOMMENTAR: Kva Simen Velle vil? Med skulen? «Sørga for at alle elevane kan bli den beste versjonen av seg sjølv.» Du milde. Gi meg styrke!
Solveig G. SandelsonKommentator
Altså. Frp er for tida det største partiet i landet. Og det med god margin. Dei ligg rett under 30 prosent på den siste meiningsmålinga, det er omtrent like mykje som Rødt, SV, MDG, Sp, Venstre og KrF til saman. Og alt før sist Stortingsval sa Frp at dei ville ha kunnskapsministeren viss dei kjem i regjering. Det vil dei ennå. Ifølge TV 2 er Simen Velle kandidat til den posten.
Men eg håpar inderleg at dei ennå har minst tre år på seg til å meisla ut den skulepolitikken dei i tilfelle skal stå for. For det landsmøtet fekk servert frå Simen Velle denne helga, det var syltynt.
Før dei på landsmøtet begynte på debatten om skule, gjekk dei med alvor og mykje erfaring i salen inn på korleis ein kan letta det statlege styringstrykket. For næringslivet, og for kommunane.
Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KSKSKS står for kommunesektorens organisasjon. Alle norske kommuner og fylkeskommuner er medlemmer i KS., som er alle kommunars mor, er invitert for å snakke om det siste. Og det gjer ho. Om at summen av lovar, forskrifter og krav er for stor, øyremerkinga, rettigheitene og rapporteringskrava for mange. Om at det svekker tenestene, det er ikkje effektivt. Staten styrer for detaljert,........
