menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Eit karakter­drap på kongeparet

17 0
16.09.2025

Karakterdrap på kongeparet

KOMMENTAR: Kong Harald og dronning Sonja blir kasta under bussen i Netflix-dokumentaren om prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek Verrett. Det er ikkje vakkert.

Solveig G. SandelsonKommentator

Eg trudde eg var republikanar av ein slags fornuft. Nå er eg det av hjarta, sjel og sinn. Vi kan ikkje halda på med dette.

Gjennom heile Netflix-kommentaren Rebel Royals er prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek Verrett dei menneskelege, varme, elskande, nyanserte. Dei er rause, opne, dei kjempar for å få leva slik dei vil leva, få elska den dei vil i fred. Og for opent kamera.

Durek Verrett er prega når han fortel om rasismen han har blitt møtt med, om å leva som farga, om alltid å måtta ropa litt høgare, vera litt meir for å få plass, for å bli høyrt.

Märtha Louise? Ho har aldri likt å vera i den ramma ho har følt vi andre har villa ha henne i. Og det verste for henne, trur eg, har vore når dei som blir glad i henne, blir utsette for den overveldande, negative energien ho har kjent frå norsk presse.

Filmen går nært på – slik vi er vant til å sjå desse to også når dei sjølv har heile regien, når det er eigne ord og eigne videoar frå eigne kontoar til eigne følgarar på Instagram som blir lagt ut.

Når filmen tar oss med til slottet, når den kongelege familien hennar blir nemnt, når kong Harald og dronning Sonja blir refererte til, blir alt stivt. Musikken blir........

© Aftenbladet