Bra jobba, SUS. Og heilt kokko
Bra jobba. Og heilt kokko
KOMMENTAR: Flinke folk på SUS har klart å kanskje finna ein måte å fortsetja å byggja det nye sjukehuset på. Det er dei forvirrande glade for.
Solveig G. SandelsonKommentator
Ja vel. Eg burde sikkert vore gladare nå, men eg synest enno det er veldig rart, dette, sett frå sidelinja. For det er enno sånn: Vi har ein steinrik stat. Staten tener heilt sjukt med pengar. Offentlege sjukehus får alle pengane sine frå staten, fordi dei skal driva med nødvendig helsehjelp, ikkje med å tena pengar. Men når eit offentleg sjukehus treng å byggja nye hus, må dei gjera det sjølv. Spara opp av det dei har fått av staten til å driva helsehjelp for, så dei kan få låna nok pengar av staten til å byggja staten sine eigne sjukehus for.
Låna. Og betala tilbake. Med renter. Til staten.
Sjølv om dei er eit offentleg sjukehus. Sjølv om dei utgjer ei heil langside av grunnmuren i samfunnet, fordi dei skal gi helsehjelp etter kva du treng, ikkje kva du har pengar........
