menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

⁠–⁠ Respekt for andres liv, Rød Ungdom?

26 0
21.04.2026

KOMMENTAR: Dei har det med dette, i Rød Ungdom. Å nulla ut andres liv.

Solveig G. SandelsonKommentator

Det må finnast eit snev av respekt for andres liv. For andres livsvilkår. For dei som ikkje står ved di side. For dei som er svakare enn deg, for dei stemmelause, for dei som tilhøyrer eit stille mindretal. Til og med for dei du ikkje likar.

Det må det, også om du er ungdomspolitikar. Også om du er med i Rød Ungdom, som er Rødts ungdomsparti.

I helga blei Rød Ungdoms nyvalde leiar, Alexandra Fredwall, spurt om ungdomspartiets syn på abort. Dei ser litt annleis på det enn andre parti, svarte Fredwall. Dei vil ikkje ha sjølvbestemt abort, dei vil ha fri abort. Dei vil ikkje ha ei grense for kor langt uti svangerskapet kvinna sjølv kan bestemma. Dei vil rett og slett ikkje at staten skal kunna gå inn og bestemma, på noko tidspunkt. Det kan få negative følger for kvinna.

På spørsmål frå Nettavisens journalistar om det prinsipielt betyr at ein kan ta abort i veke 39 – altså ei veke før ein reknar eit svangerskap som fullgått, svarar Fredwall «Jeg ser ikke hvorfor det ikke........

© Aftenbladet