menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

⁠–⁠ Endra sjukehusmodellen akkurat nå? Det er useriøst

11 0
04.02.2026

Useriøst forslag om sjukehusa

KOMMENTAR: Eit fleirtal i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget går inn for å skilja mellom investeringar og drift i Sjukehus-Norge. Det er, akkurat nå, eit useriøst forslag.

Solveig G. SandelsonKommentator

Eg har jo skrive spalte opp og ned om for lite pengar på sjukehuset, om at dei ikkje skal driva å byggja sjukehusa sine sjølv. Dei skal driva nødvendig helsehjelp, dei skal trøysta og lindra og gipsa og operera og hjelpa. Portørar, legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar skal ikkje måtta springa fortare og fortare i gangane for å skaffa pengar til ny betong. Likevel synest eg det er useriøst, det forslaget som fleirtalet i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget kjem med nå.

Eg synest jo heller ikkje den er bra nok, den modellen vi har. Den som seier at sjukehusa sjølv skal stå for både drift og investeringar, til og med så store investeringar som nye sjukehusbygg.

Sjukehusa – alle dei offentlege sjukehusa – får pengar over statsbudsjettet kvart år, etter ein gitt modell som har halde det gåande i over 20 år. For SUS – vårt sjukehus – betyr det at dei nå får rundt 11 milliardar kvart år. Treng dei meir, kan dei søkja staten om lån. Det lånet skal tilbakebetalast med renter, til staten.

Eigenkapitalen til det lånet kan dei stort sett skaffa seg på to måtar. Dei kan selja bygg eller tomter, viss dei eig det, og dei kan spara pengar frå drifta. Drifta er oss, det er pasientbehandlinga. Klarer dei gjera jobben på mindre tid og........

© Aftenbladet