«Det er så stygt. Det er så himla stygt»
KOMMENTAR: Det er ikkje kødd når du skadar eit anna menneske.
Solveig G. SandelsonKommentator
Det er så stygt. Det er så himla stygt. Akkurat nå var det Kannik skole i Stavanger som slo alarm. Men historiene har vi frå heile landet. Vi har barn som ikkje klarer gå på skulen lenger, fordi dei har blitt så stygt mobba. Fordi dei ikkje har eit einaste menneske der dei stolar på, ingen andre barn, ingen vaksne. Vi har barn som mister meir og meir av kvardagen sin, og jo meir dei mister, jo nærmare er dei å mista bitar av framtida si. Og vi har barn vi mister. Som tar livet sitt.
Og eg nektar å tru at ungdommar på 14, 15 eller 16 år ikkje forstår kva dei gjer. Historiane er mange Om jentegjengar som heng ut ei bestemt jente, i ei gruppe der mange er med, også jenta sjølv. Som utestengjer, som lagar seg nye grupper, der den eller den er ute. Eller deler alt dei gjer, så også den som ikkje blei invitert, som aldri blir det, ser det. Om igjen. Og om igjen. Og om igjen.
Det er ikkje kødd. Det er ikkje noko ein berre skal tola. Og det finst ingen – ingen – grunnar til å ikkje forstå at det sårar, skadar, og i verste fall........
