Det som var konkret og forståeleg i matematikkfaget, blir no pakka inn i ein språkleg skoddedott
KRONIKK: Det som opphavleg var konkret og forståeleg, blir no pakka inn i ein språkleg skoddedott.
Eg gjekk på skulen i den tida der vi måtte både lære fakta og ferdigheiter. Det var ikkje alltid vi såg meininga og samanhengen i det vi dreiv med, men vi hadde ein tillit til at det var nyttig og bra for oss det vi heldt på med, slik at vi heldt det gåande.
Eg vart sjølv aldri glad i dei meir fasit-prega faga på realfagssida der matematikk er sentralt, men meir dregen mot perspektivrikdomen og svarmangfaldet vi finn i dei historisk-filosofiske faga. Likevel er eg glad for at eg fekk den opplæringa i matematikk eg fekk, på den måten eg fekk den.
Vi pugga gongetabellar og fekk rekneartane under huda gjennom repetisjon og mengdetrening. Vi vart drilla i divisjon, multiplikasjon, addisjon og subtraksjon med blyant, viskelêr og papir til vi var trygge, og då gjekk det som regel greitt med både algebra, prosentrekning og annan matematikk av høgare orden.
Denne mengdetreninga ga meg ei automatisering av grunnleggande reknekunne, som gjer at eg og kan gjere overslag og........
© Aftenbladet
