menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Barns utvikling mot å landa i ein kjønnsidentitet er kompleks og kan ta tid

16 0
sunday

DEBATT: Helsesjukepleiar og sexolog Stangeland ønsker ei fagleg tilnærming i debatten om kjønnsidentitet og viser til utviklingspsykologien. Eg har bakgrunn i utviklingspsykologi og vil kome med eit bidrag i debatten.

Dette er basert på mi kliniske behandlingserfaring frå barne- og ungdomsfeltet, relatert til identitetsproblematikk som eige fag- og interessefelt.

Eg har engasjert meg i kjønnsdebatten med særleg fokus på behandlingstilnærminga overfor barn og unge med kjønnsinkongruens, og har også åtvara om konsekvensar av at det overordna omgrepet identitet har blitt fragmentert og politisert.

Ut frå ei utviklingspsykologisk forståing er danning av identitet resultat av ein kompleks prosess som involverer multiple faktorar som interagerer og står i ein gjensidig påverknad og vekselspel med kvarandre. Biologi, genar, gonadhormonar, kognisjon – og språkutvikling, sosio-emosjonell utvikling, sosialiseringshistorie, og dessutan kulturell kontekst spelar ei viktig rolle i prosessen.

Seksuell orientering og forståing av eigen identitet relatert til kjønn er ein integrert del av denne prosessen. Omgrepet........

© Aftenbladet