Kvifor ivrar ikkje MDG for jordkablar?
Kor er Miljøpartiet Dei Grøne i Stavanger?
DEBATT: Formannskapet i Stavanger skal 18. juni handsame den viktigaste lokale miljøsaka i kommunedelane Finnøy og Rennesøy i denne kommunevalperioden. Skal det nye straumnettet henge vel 20 meter over bakken festa i store master eller leggjast i kabel?
Det har vore heilt tyst frå dei som har miljø i partinamnet sitt når det nå skal takast stilling til korleis kulturlandskapet skal sjå ut i generasjonane som kjem. Eg vil minne om nokre av utfordringane på Rennesøy som eg kjenner best.
Lufttrasé som kjem tett på færrast hytter og hus går over Austbøheia. Dette er eit kystlyngheiområde som i 2008 vart peikt ut som utvald kulturlandskap i Rogaland som eit av tre. Dei har hatt eiga forskrift saman med verdsarvområde........
