Me lever stadig lenger. Men eitt dødstall går ikkje ned
KOMMENTAR: Kva me døyr av seier ein heil del om livet me lever.
Eg kjenner opptil fleire som absolutt ikkje vil snakka om døden. Som ikkje ein gong vil forhalda seg til det uunngåelege. Folk som nektar å akseptera at dei i det heile tatt skal døy.
Men det skal dei jo. Det skal me alle. (Sorry!)
Denne veka kom Folkehelseinstituttet med sin foreløpige dødsstatistikk for 2024. Eit skrekk-dokument for mine venner med dødsangst, sjølvsagt. Men ei statistisk gullgruve for oss som interesserer oss både for liv og død.
I fjor døydde 44.155 personar i Norge. 40.687 gjekk ut av tida på grunn av sjukdommar, 2873 av såkalla «ytre årsaker». Som i praksis betyr ulukker (2072), sjølvmord (727) og drap.
Det store biletet er at dødelegheita i Norge går ned. Me skal jo alle døy til slutt – sorry! – men statistikken viser altså at me lever stadig lenger først. Forventa levealder har gått opp i Norge kontinuerleg sidan 1840-talet – berre avbrote av krigar, krisar og pandemiar. I 1846 var forventa levealder for ei norsk kvinne rundt 50 år. I 2024 hadde dette talet auka til 84,8 år.
Ein mann kunne i 1846 forventa å leva eit par år kortare enn kvinner. I 2024 vil han – statistisk – døy 3,2 år før kvinna. Vil du leva lengst mulig, lønnar det seg altså å bli fødd som........
