menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Bilen ble med ferja, men Tove sto igjen på kaia

25 0
13.08.2026

Han føreslo at eg i staden for guiding kunne starte som blomsterseljar.

Eg hadde teke guidekurs og jobba som guide på ei seter. Men, det stoppa ikkje der, ved lønna sommarjobb. Det skulle vise seg at det hadde lagt seg på DNA-et mitt. Kvar sommar kjem eg i guidemodus, lønna arbeid eller ei.

Skal ferja til Noreide?

Nei, den skal til Vik no.

Nein, Vik heuten Tag.

Eg peikar innover fjorden. Eg har aldri kunna tysk. Ikkje til husbruk og langt mindre til guiding for originalspråklege. Men, eg meiner folk bør snakke saman, prøve å forstå kvarandre. Så, på ei lett blanding av nokre engelske setningar inntulla i eit par innsmett av aber, heute morgen, enkelte «oui» med tillært fransk aksang og eit aktivt kroppsspråk, gjer eg meg ofte internasjonalt forstått.

Bilen er oppstilt på ferjekaien. Årests vakraste ferjestrekk er snart i gang, før nye kvardagar i Trondheim. Miniferja Sylvarnes går dagleg i turist- og lokaltrafikkrute mellom Noreide og Ortnevik, og til Vik måndag, onsdag og fredag.

Etter år tett på dei innfødde, veit du at sjølv med bestilt........

© Adresseavisen