Debatten er ikkje til sals
Lytt til saken
Redaktør i NRKs Nyhetsdivisjon
Fred og rettferd (FOR) er eit forholdsvis nytt, mykje omtalt og svært kontroversielt parti.
Dei har meiningar som går på tvers av anerkjende og utbreidde folkerettslege oppfatningar.
Debatten-sendinga tysdag hadde som mål å la dei bli møtt med kritiske spørsmål, harde fakta og tøff debatt.
Det er ein viktig og riktig ambisjon for eit debattprogram som skal spegle breidda i den politiske diskusjonen i Noreg.
Påstanden om at vi har late Fred og rettferd (FOR) diktere Debatten, er feil.
Det var redaksjonen som tok alle val knytte til innhaldet i sendinga.
Men det er rett at FOR ikkje ønskte å avsløre namnet på pengegivaren før mot slutten, og bakgrunnen for det burde vi bora meir ifrå start.
Finn ut hva som går på TV i kveld. Bruk VGs TV-guide.
Ei av dei aller viktigaste oppgåvene til pressa er å leggje til rette for eit inkluderande, faktabasert og ope ordskifte, der også røyster frå ytterfløyene i samfunnet får uttrykke seg.
FOR har fått stor merksemd den siste tida. Dei har meldt inn vallister til alle 19 valdistrikt ved stortingsvalet i haust og har vore synlege i bybiletet i hovudstaden med ein omstridd reklamekampanje på T-banen.
Det for nyleg svarlause spørsmålet om kven........© VG
