menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Framande planteartar invaderer forlatne jordbruksareal

7 0
20.05.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Møre og Romsdal har mykje jordbruksareal som ikkje er i drift lengre. Slike areal kan gje fyrsteklasses grobotn for invaderande framande planteartar.

Kvart år kjem over 800 millionar spiredyktige frø frå framande artar inn i Noreg som blindpassasjerar med importerte hageplanter. I tillegg forvillar nokre hageplanter seg, godt hjelpne av eit mildare klima. Fleire av dei utkonkurrerar svakare norske artar og er ein trussel mot biologisk mangfald. Dei framande planteartane etablerer seg ofte i menneskepåverka område og spreier seg derifrå ut i naturen.

Halvering

Noreg er forplikta gjennom naturavtala frå 2022 til å nedkjempa artar som truar norsk naturmangfald. Oppgåva er ganske overveldande. Den norske «Fremmedartslista» frå 2023 har registrert 206 framande planteartar med høg eller svært høg risiko. Mange har ein formidabel formeiringsevne. Har dei fyrst etablert seg, kan det vera nær sagt umogleg å bli kvitt dei att.

Førebygging er med andre ord nykkjelen til suksess. Då må ein ha kunnskap om kor desse artane trivst og korleis dei vert spreidd. Ferske analysar frå NIBIO syner at jordbruksareal som ikkje er i drift er risikoområde. Ligg områda i tillegg nær busetnad eller ein spreiingsveg for uønskte frø, er sjansen stor for at arealet vert invadert.

Møre og Romsdal har opplevd meir enn ei halvering i tal aktive jordbruksbedrifter sidan 1999. Som ein følgje er det i dag nesten 120.000 dekar med jordbruksareal som kan vera ute av drift. Det er ein god grunn til å fylgja med! Samtidig er det per i dag nesten 40.000 observasjonar av framande skadelege planter registrert hos Artsdatabanken innanfor fylket. I tillegg kjem eit stort mørketal av førekomstar som ikkje er kartlagt.

Tidlegare åker og kulturenger har lite plantemangfald og dermed lite konkurranse. Slike areal har dessutan ofte høgt innhald av næringsstoff, og det er gode ljostilhøve.........

© Tidens Krav