menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Dei freistar å fiske etter veljarar med eit rasistisk syn på nynorsk

11 0
26.08.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg har klikka meg gjennom ein valgomat utan å finne eit einaste oppslag om kultur. Det er likevel kjent frå media at FRP og Høgre vil gjennomføre ein amputasjon av norskfaget i norsk skule. Dei freistar å fiske etter veljarar med eit rasistisk syn på nynorsk.

Alt i barnehagen burde det vera medvite fokus på aktiv bruk av den nynorske songskatten. Det ville gi oss tospråklege barn i førskulealder. Tospråkleg eksponering i barnehagen vil stimulere hjernen til å byggje fleire nervebanar for språk. Det ville samstundes byggje større respekt for begge dei to norske skriftspråka.

Presist språk

Sjølv underviste eg i naturfag, kjemi og biologi ved Kristiansund Gymnas / Atlanten vgs. I åra 1970-2004. Det kom tidleg i denne perioden signal frå Universitetet i Bergen om at mange studentar kunne fått betre karakterar om dei hadde eit meir presist skriftspråk til eksamen. Eg såg det difor som ei viktig oppgåve å fokusere på presist språk i elevarbeid i mine fag.

Der var nynorsk sidemål til god hjelp ved ein skule der dei fleste elevane skreiv bokmål.........

© Tidens Krav