SV vil ta vare på sjøfuglane, fjordane og havet
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Heile Noreg badar» er sommarkampanjen i samband med markering av Frilufts-livets år. Men det er ikke lenger sjølvsagt at vi alle har tilgang til kyst, innsjøar og vassdrag, eller at vatnet er reint. Ein stadig større del av strandsona vert bygd ned, og stadig dukkar det opp ulovlege hindringar og skilt. I Oslofjorden og fleire andre fjordar er forureining eit stort problem, som gjer det lite freistande å bade.
På Runde er det nedgang i sjøfuglbestandane, noko som truleg skuldast mangel på mat. I Møre og Romsdal er det særleg utfordringar knytte til havbruk i fjordane, konfliktar mellom yrkesfiskarar og lokalbefolkning og inngrep i viktige område for fisken, men også overfiske og klimaendringar spelar inn. SV meiner vi må ta eit krafttak for å ta vare på reint hav, reine fjordar og reine vassdrag!
For å få betre oversikt over dei........
© Tidens Krav
