menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kommunar, bedrifter og private – ver med på å heise regnbogeflagget

8 0
30.04.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det gjer noko med deg når du ser flagget vaie i vinden. Regnbogeflagget. For nokon er det berre eit symbol, eit fargerikt stykke stoff. For andre er det eit livsviktig teikn på at «du høyrer til her». No vil KrF forby norske skular å flagge med regnbogeflagget. Det er ei farleg utvikling.

Aukanede motstand

Regnbogeflagget er internasjonalt og symboliserer mangfald, likeverd og toleranse, og friheit til å elske den du vil. I Bibelen er regnbogen nytta som eit fredssymbol, og eit teikn på Guds løfte til kvar levande skapning om å ikkje øydelegge verda.

Flagget er brukt over heile verda og kjem i mange ulike variantar. Men kvifor er det så viktig med regnbogeflagg då?

Spørsmålet handlar om meir enn berre eit flagg. Det handlar om kven vi er som samfunn – og kva verdiar vi står for.

Regnbogeflagget er eit synleg bevis på at vi anerkjenner og verdset alle menneske, uansett kven dei er eller kven dei elskar. For mange er flagget eit livsviktig signal om at dei ikkje treng å skjule seg, at dei er trygge, at dei høyrer til.

Når vi heiser regnbogeflagget, viser vi at vi ser dei som altfor ofte har følt seg usynlege, uønska eller utrygge.

Vi ser med uro på aukande motstand mot skeive, og i nokre europeiske land har styresmaktene innført LHBT-frie soner. Tidlegare i år gjorde Nasjonalforsamlinga i Ungarn vedtak om forbod mot........

© Tidens Krav