Vi meiner Sløvåg-turbinen kan få store konsekvensar for folkehelsa
Motvind Vest: Vi meiner Sløvåg-turbinen kan få store konsekvensar for folkehelsa
Ein ny rapport frå professor Ken Mattsson ved Uppsala Universitetet i Sverige syner at støyen frå den planlagde havvindturbinen til Georgine Wind AS og Wergelandgruppa AS i Sløvåg kan potensielt bli svært plagsam og gje helseplager for innbyggjarane, skriv styret i Motvind Vest.
Vilde Grimelid Oppedal
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Rapporten er bestilt på oppdrag frå Motvind Vest. I denne nyttar Mattsson eit avansert 3D-simuleringsverktøy, SoundSim 360, som tek omsyn til topografi og temperaturtilhøve på ein annan måte enn standardverktøya nytta av vindkraftindustrien.
Rapporten til Mattsson syner, i motsetnad til konsekvensutgreiinga gjort av Multiconsult for Georgine Wind, at fleire eigedommar i Halsvik kan komme over støygrensa på 45 Lden-dBA. I tillegg vil støyen ved Vidsyn liggje på 52,1 Lden-dBA.
SoundSim 360 bereknar også infrastøy, som er lågfrekvent støy på 1hertz. Denne typen lyd er ikkje høyrbar for menneske, men kan merkast i kroppen. Utrekningane til Mattsson syner at denne typen støy kan bli plagsam over eit stort område, også i andre kommunar som Masfjorden og Austrheim.
Ei etablering av ein havvindturbin på land i nærleiken av både busetnad og arbeidsplassar, er eit for stort eksperiment med helsa til folka som skal bu og jobbe i nærleiken. Arbeidet med å etablere turbinen bør difor stoppast. Vil energidepartementet ta ansvar for dette i klagehandsaminga?
Helseskadeleg infralyd
Etter det vi veit tek ikkje vindkraftbransjen med den lågfrekvente infralyden i sine støyberekningar og modellane dei nyttar. Denne støyen gjev ein pulserande dunkelyd som veggar ikkje isolerer mot. Tvert om vil veggar kunne auke effekten av lyden med 3-5 dB.
Studiar har, så vidt vi forstår det, synt at denne typen støy kan påverke blodtrykk og søvn, og utløyse migrene hos opp til 30 prosent av befolkningen dersom lyden kjem opp i 95 dB ved 1 hertz.
Jo større turbinar, jo meir infralyd. Turbinen som det er søkt om i Sløvåg vil vere den største som hittil er sett opp på land, dersom den vert slik som skildra i konsesjonssøknaden.
Ifølgje berekningane til Mattsson, vil samtlege eigedommar i området, inkludert Hovden barnehage, kunne oppleve ein infralyd på kring 95 dB ved 1 hertz.
Gulen kommune valde dessverre å ikkje ha ein grundig reguleringsprosess for turbinen, til trass for åtvaringar frå både Motvind Norge, Motvind Vest, Nei til vindkraft i Gulen og andre.
I staden for valde kommunen ein forenkla reguleringsprosess og stolte på at NVE skulle ordne opp for dei og setje ei nattleg støygrense, noko dei dessverre ikkje gjorde.
Kommunen har no høve til å regulere støy frå turbinen gjennom folkehelselova og ureiningslova, og vi håpar dei bruker denne sjansen.
Det må då takast omsyn til infralyd i tillegg til annan støy frå turbinen, med krav om at drifta vert stoppa dersom plagene vert for store til dømes om natta.
Elin Askeland (leiar i Motvind Vest), Vilde Grimelid Oppedal styremedlem i Motvind Vest), Leif Brekken (leiar i Nei til vindkraft i Gulen), Ron Overdevest, (styremedlem i Nei til vindkraft i Gulen)
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
