«Vi må knyte oss tettare til Europa»
Synspunkt: Dagleg kjem det skakande nyheiter over Atlanteren. Løgn og alternative fakta frå leiinga i USA er oppsiktsvekkjande og skremmande. Kva det nye verdsbiletet til sjuande og sist vil innebere for norsk handel og tryggleik, veit vi enno ikkje. Men det er stor grunn til uro.
Det er fleire grunnar til at vi no må reorientere oss og knyte oss tettare til vår viktigaste marknad, Europa.
Vestland er Noreg sitt desidert største eksportfylke. I 2023 eksporterte bedriftene her for i overkant av 230 milliardar kroner, utanom olje og gass. Det er det meste eit norsk fylke har eksportert nokon gong.
Så mykje som 56 prosent av eksporten frå Vestland går til EU/EØS-land. I tillegg går 20 prosent av den norske eksporten til Storbritannia. EØS-avtalen er Noreg si viktigaste........
© Strilen
