Ope brev til deg som står på val til Stortinget frå Hordaland
Lesarbrev: Gode deg, tillukke med nominasjonen og tilliten! Du er ein av våre tillitsvalde, ein av våre folkevalde som etter ein demokratisk prosess er valt til å stå på ei Stortingsliste for hausten val. Valt i tillit frå andre, for å representera demokratiet, vårt folkestyre. Det er folkestyret me er opptekne av og naturen der me bur.
Me skriv til deg på vegner av «Folkeaksjonen Nei til monstermaster». Det er ei rørsle som har vakse i takt med at folk i kommunane våre har oppdaga kva som står på spel.
I tillegg til ei rekkje folkemøte, har det vore ei massiv mobilisering mot Statnett sine forslag til trasear. 5. januar 2025 deltok 2000 menneske i fakkeltog og vardebrenning, med over 70 vardebål på ulike berørte stader i Vaksdal, Alver og på........© Strilen
