menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

«Dei må slutta å ofre elevane si framtid for småpengar»

11 0
previous day

Når reknestykke tel meir enn ungdommen

– Når fylkespolitikarane svingar sparekniven over klassar ved Knarvik vgs., fjernar dei samstundes det overskotet ungdommen treng for å lukkast, skriv ein fortvila forelder.

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Lesarbrev: Vestland fylkeskommune snakkar varmt om kor viktig det er å kjempa mot fråfall. Men kva hjelper det med glansa brosjyrar når den politiske røyndomen er at ein riv grunnmuren vekk under ungdommen vår? No står Knarvik vidaregåande skule igjen for tur, og eg kjenner på ei djup fortviling og raseri.

Me veit at trivsel er sjølve føresetnaden for læring. Ingen kan prestera i eit klasserom om dei manglar overskot. Å måtta stå opp fleire timar før venene sine, berre for å leggja ut på ein lang reiseveg med kanskje tre bussbyte kvar veg, er ikkje akkurat ei vitaminpille for motivasjonen.

Når fylkespolitikarane svingar sparekniven over klassar ved Knarvik vgs., fjernar dei samstundes det overskotet ungdommen treng for å lukkast.

Det er ei total sjølvmotseiing når ein frå politisk hald meiner at norsk ungdom brukar for lang tid på utdanninga si, samstundes som fylket sine handlingar skaper usikkerheit og hindringar som gjer det vanskelegare å fullføre.

Dei kuttar i studiespesialisering – den rimelegaste linja fylket driftar. Men denne innsparinga er ein illusjon. Forsking viser ein tydeleg samanheng mellom manglande trivsel og risiko for at ungdom fell permanent utanfor.

Når ein elev mister skulefellesskapet sitt, aukar risikoen for langvarige psykiske plager og utanforskap. Rekninga for dette forsvinn ikkje; ho blir berre flytta frå fylket sitt budsjett over på til dømes Nav og helsevesenet.

Den nye vidaregåande skulen eleven får plass på, må også ofte bruke meir ressursar for å prøve å få eleven gjennom skuleåret. Det er dårleg økonomistyring å spare småpengar på skuleplassar i dag, når prisen for utanforskap er så enormt mykje høgare i morgon.

Som foreldre ser me ein skremmande røyndom: Det er i praksis inga hjelp å få før det går skikkeleg gale. Me møter stengde dører frå september til april, medan systemet ser på at ungdommen blir matt og fell utanfor.

På toppen av dette må elevane gå heile våren og sommaren i uvisse. Fylket påfører dei ein brutal klump i magen i månader, der dei ikkje eingong veit kor dei skal møta opp i august. Denne unødige uroa og usikkerheita er det motsette av å byggja opp ein elev til læring.

Dette råkar ikkje berre eleven; det påverkar heile familien. Når ein ungdom i verste fall mistar framtidshåpet, blir det ei tung bør å bera for alle i heimen.

Ein må undrast på om politikarane hugsar korleis det var å vera ung. Det er lett å sitja i ein møtesal og snakka om «effektivisering», men det er våre ungdommar, og deira familiar, som må bera børa av dykkar val.

Om Vestland fylkeskommune meiner alvor med kampen mot fråfall, må dei slutta å beint fram ofre elevane si framtid for å spare småpengar. Det finst nok av andre pengesluk dei kan vende merksemda si mot.

Lat klassane ved Knarvik bestå – for utan trivsel, vener og ein kvardag som går i hop, visnar lysta til å lære.

Helsing ein forelder med erfaring frå fjoråret si nedskjering.

(Strilen kjenner identiteten til innsendar, men vedkommande er anonymisert av omsyn til ungdomane som har erfart dette)

(Strilen kjenner identiteten til innsendar, men vedkommande er anonymisert av omsyn til ungdomane som har erfart dette)

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Torar mot varsla skule­kutt: – Styrt avvikling

Reagerer på klassekutt: – Det er oss det går utover

Distriktskulane i Nordhordland må få leve


© Strilen