menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Halvhjerta oppgjør med fornorskinga

26 0
31.08.2026

Første teiknet til endring av politikken var Samordningsnemnda for skoleverket, som i 1947 skreiv: Ein må vera klar over at samane har budd her i landet frå dei eldste tider, og har krav på opplæring av borna sine etter same prinsipielle reglar som andre norske borgarar. Dette førte likevel ikkje til store endringar.

Meir resultat kom det av Samekomiteen av 1956, og ved stortingsbehandlinga i 1963 blei det opna for undervisning på samisk. Samekomiteen hadde også forslag om styrking av samiske næringar og rettar, men dei blei ikkje følgd opp av Stortinget. Gradvis blei det meir samisk språk i skoleverket og samisk kultur blei meir synlig, men samtidig pågikk det ein sentraliserings-, fiskeri-, reindrifts- og kraftutbyggingspolitikk som til saman truga grunnlaget for samisk busetting og kultur.

Den neste store stortingsbehandlinga kom i kjølvatnet av kampen om utbygginga av Guovdageaidnu-Alta-vassdraget. Det blei oppretta samekulturutval og samerettsutval. Mens kulturutvalet leverte raskt og forslaga i stor grad blei gjennomførte, blei samerettsurvalet trenert i 17 år, og utgreiinga blei deretter utvatna og forvrengt og endte med den same politikken i ny innpakning.

Oppgjøret med fornorskingspolitikken har i beste fall blitt halvhjerta. Den aktive språklige fornorskinga med sikte å utrydde restane av samisk og kvensk språk i Norge er forlatt, men tiltaka for å snu utviklinga er langt frå tilstrekkelige. Samiske kulturuttrykk som musikk, bildekunst, teater og litteratur har fått anerkjenning, men samtidig forsvinn for kvart år meir og meir av det Samerettsutvalet kalla «Naturgrunnlaget for samisk kultur». Det er heller ikkje gjort stort for å endre på den fornorskinga som ligg i forvaltninga av naturen og dei naturbaserte næringane.

Denne skeivheita er ikkje tilfeldig. Ho er resultat av ein bevisst politikk frå norske styresmakter og deira støttespelarar. Frå Stortinget i 2018 vedtok oppretting av ein sannings- og forsoningskommisjon fram til UIT 21.08.2026 la fram Førsteutkast av utredningen Om et nasjonal kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett, går det ei gjennomgåande linje: Den fornorskinga som ligg i norsk naturforvaltning og næringsforvaltning og,........

© Ságat