menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Blåbærtur til «helvete»

29 0
06.08.2026

For nokon betyr august framleis sol, ferie og varme. For oss betydde det blåbærtur. Reint tvangsarbeid.

Vi vart stua inn i ein Datsun stasjonsvogn, sju ungar på alle tenkjelege og utenkjelege plassar. Eg låg i bagasjerommet og grudde meg. Som nummer fire i søskenflokken var eg omtrent like lite dressert som ein fjellgeit på sukkerkick. Ein heilt ekte ti år gammal villstyring.

Nista var enkel. Brødskiver med smør og sukker. Pålegg måtte vi finne sjølve ute på tua. Eg hugsar enno at far meinte dette var både sunt, lærerikt og billeg. Eg mistenkjer at det siste var hovudgrunnen.

Etter om lag ein times humpete køyring på grusveg kom vi til Maurstadeidet i Vanylven. Eg hugsar eg tenkte at det var heilt greitt å stele blåbær frå nabokommunen. Dei hadde sikkert fleire enn dei trong.

Vel framme........

© Ságat