menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Løysinga er å leve saman

24 0
13.07.2026

Løysinga er å leve saman

Svar på utfordringa med eldrebølgja finst: lat unge og eldre bu trygt under same tak.

Både eldre og yngre innbyggjarar opplever aukande einsemd, skriv forfattaren. Her er faren hennar med eit av barnebarna på fanget.

Alle eg kjenner over 60 år er uroa for framtida.

Dei gruar seg til alderdomen, og er livredde for å hamne på institusjon, der dei med god grunn fryktar at ingen vil ha tid til å ta skikkeleg vare på dei.

Tilsette fortel om eldre som unngår å drikke vatn av omsyn til dei overarbeidde pleiarane.

«Tenåringar treng vaksne som har tid til dei»

«Tenåringar treng vaksne som har tid til dei»

Alle unge eg kjenner, er minst like uroa for si framtid.

Klimakrisa vil råke dei hardt, KI trugar alle potensielle arbeidsplassar, og korleis skal dei nokon gong kunne kome seg inn på bustadmarknaden?

Dottera til forfattaren, Rosa, teiknar med besta.

Kva skal eg gjere når foreldra mine blir for gamle til å klare seg sjølve i huset sitt på bygda? Når dei ikkje lenger kan køyre bil? Når eg sjølv bur langt unna, og sjukeheimsplassar er vanskelege å få tak i? Og korleis skal barna mine vere trygge når Golfstraumen ser ut til å kollapse?

Riksrevisor Schjøtt-Pedersen har slått alarm om eldrebølgja.

At Noreg i tiåra framover vil få stadig fleire eldre innbyggjarar, har vi visst lenge. Men akkurat som med klima- og naturkrisa: Dei store partia skyv problemet framfor seg, og behandlar dei kvar for seg, med tiltak som ikkje monnar.

Norske kommunar er ikkje førebudde på det som trugar liva våre.

No er det på tide med reelle endringar, og at vi løyser samfunnsproblema heilskapleg. Og grønt er den raude tråden som går att i alle dei smarte........

© NRK