Heldig er landet som har ei slik kongemor
Heldig er landet som har ei slik kongemor
Alt som blir sagt om kong Harald er sant. Kongemora fortener dei same orda.
SONJATIDA: Haraldstida var og Sonjatida. Heilt sidan dei kjempa for å få kvarandre, er det dei to som saman har gjeve form og farge til kapittelet som no vert lukka, skriv Håvard Nyhus.
Alt som blir sagt om kong Harald, gjeld og for dronning Sonja.
Haraldstida var òg Sonjatida.
Heilt sidan dei kjempa for å få kvarandre, er det dei to som saman har gjeve form og farge til kapittelet som no vert lukka.
Dronning Sonja har gjennom heile kong Harald si regjeringstid fungert som ein likestilt medspelar og ein viktig arkitekt bak det moderne dronningoppdraget.
Heldig er den som har ein makker gjennom eit heilt liv, og det hadde kong Harald.
Dronning Sonja gav han både motstand og mot. Kongen har sjølv forklart at det var Sonja som transformerte han frå ein forknytt tronarving til ein trygg folkekonge.
Heldig er den som slepp å vere einsam majestet.
Kong Harald og dronning Sonja styrte kongegjerninga som eit fellesprosjekt.
Og for ei stilig dame dronning Sonja er, og alltid har vore!
Anten det har........
