menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Noregs nye turistmagnet

20 0
07.06.2026

Noregs nye turistmagnet

Turistane kan betale for heile skipstunnelen – kanskje til og med gjere han til ei pengemaskin.

Over éin million turistar besøkjer Panamakanalen kvart år. Slett ikkje noko urealistisk mål for ein skipstunnel på Stad på sikt, skriv kronikkforfattaren.

Verdas første skipstunnel kan bli eit av dei mest spektakulære reisemåla i Noreg. I alle fall om vi tek på oss reiselivsbrillene og hevar blikket.

Ei slik nyvinning på Stad på Vestlandet garanterer overskrifter verda over, med tilhøyrande nysgjerrigheit, reisefeber, statusjag og oppdagingstrong. Forvent utanlandske tilreisande i hopetal.

Det er lite som triggar flybillettkjøp som turistattraksjonar i ypparste verdsklasse.

Ved å sprenge gjennom knappe to kilometer med fjell for å lage skipstunnel heilt nord i Sogn og Fjordane, kan fartøy av ulike storleikar unngå Noregs vanskelegaste og mest lunefulle havstykke.

Det bidrar til auka sikkerheit og smidigare logistikk på Vestlandet.

Ei spektakulær sjåverdigheit som verdas første skipstunnel vil òg lette trykket på Preikestolen, Frognerparken og Lofoten, skriv kronikkforfattaren.

Men ikkje alle er overtydde om at den uvanlege infrastrukturen har livets rett. Han er visstnok for dyr, for unyttig, for usentral eller for samfunnsøkonomisk ulønsam. Dei fleste har tilsynelatande ei meining om den banebrytande ideen frå 1847.

Kystverket sitt nyaste kostnadsoverslag tilseier ein pris på 8,6 milliardar kroner. Det er latterleg billeg.

Les også Bråstopp for Stad skipstunnel: Regjeringa set av null kroner

Estimata sprikar rett nok, men i 2025 skal utanlandske turistar ha lagt att mellom 50 og 78 milliardar kroner. Det........

© NRK